Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Utdanninga er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk, og det vert lagt vekt på å gi studentane kunnskap om korleis fordjupingsfaget har utvikla seg over tid – og framleis er i endring. Fordjupingsfaget vil bli sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng, og studentane skal utvikle evne til kritisk fagrefleksjon og profesjonsforståing.Studiet har fire ulike faglege fordjupingar – i norsk, engelsk, matematikk og samfunnsfag. Dette er store og viktige skulefag, og kompetanse i desse faga er etterspurt i skulen. Uavhengig av val av fordjupingsfag vil studentane møte ein del fagovergripande tema. Dette gjeld:Tilpassa opplæringVurderingGrunnleggande ferdigheiterProfesjonsfagleg digital kompetanse
Undervisningsopplegg
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Det vert arrangert studietur til York (Det norske studiesenter i Storbritannia) for studentar med masterfordjupning i engelsk.Ordinær studentutveksling vil berre vere mogleg ved å vere fulltidsstudent i det aktuelle semesteret.Aktuelle institusjonar for utveksling er: Griffith University, Brisbane Australia, University of Waikato, Hamilton New Zealand, Det norske studiesenter i Storbritannia, University of York, Storbritannia og Linnéuniversitetet, Kalmar/Wäxjö Sverige.