Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

9. februar 2024.

Om studiet

Studiet gir praktisk-teoretisk innføring i dirigering og leiing av kor og andre typar ensemble. Gjennom observasjon, utprøving og rettleiing i utøvingssituasjonar vil du få innsikt i dirigenten sine ulike roller. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: innstuderingsmetodikk, kroppspråk, teknikk og uttrykk, instrumental- og vokalkunnskap, gehørtrening, repertoarkunnskap og partiturstudium. Studiet rettar seg inn mot verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Undervisningsopplegg

Studiet vekslar mellom teoretisk arbeid, observasjon av ensembleleiing i ulike samanhengar, og praktisk øving. Det blir undervist både i gruppe og som individuell rettleiing, mellom anna på grunnlag av videoopptak frå arbeid med praksisensemble. Faget set store krav til eige studiearbeid, individuelt og i gruppe.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4258

Anbefalt forhåndskunnskap

Generell studiekompetanse og 60 stp i musikk.

Alle utdanninger innen