Engelsk, årsstudium, heiltid favoritt ikon

Universitet og høgskole
Årsstudium i engelsk gir deg ei grunnleggande innføring i engelsk språk, litteratur og kulturkunnskap. Dette er viktig og attraktiv kompetanse for yrke innanfor mellom anna skule, reiseliv og administrasjon.

Studienivå

Årsstudium

Søknadsfrist

15. april 2018

Studiepoeng

60

Semester

2

Om studiet

I løpet av studiet skal du opparbeide deg kunnskapar i grammatikk, fonetikk og litteratur før og etter 1900-talet. Du lærer å bruke engelsk sikkert og funksjonelt, både skriftleg og munnleg. I tillegg får du erfaring med å identifisere og analysere språkstrukturar, eldre og nyare engelskspråkleg litteratur og samfunnsstilhøve, hovudsakleg frå britisk og amerikansk område.

Undervisningsopplegg

Undervisninga varierer mellom forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Du får også delta på eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Samordna opptak. Søknadskode: 223 623 / 4168

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2018

Alle (primær)
34.2 (ordinær)

Studieplasser

25

Søknadskode (SO)

223623