Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Årsstudium
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 25
Søknadskode (SO): 223623

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

17. april 2024.

Om studiet

Engelsk årstudium gir deg etterspurt kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stader der det blir krevd gode engelskkunnskapar. Du får grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.

I løpet av studietida skal du opparbeide deg kunnskapar i grammatikk, fonetikk og litteratur før og etter 1900-talet. Du lærer å bruke engelsk sikkert og funksjonelt, både skriftleg og munnleg. I tillegg får du erfaring med å identifisere og analysere språkstrukturar, eldre og nyare engelskspråkleg litteratur og samfunnsstilhøve, hovudsakleg frå britisk og amerikansk område.

Undervisningsopplegg

Undervisninga varierer mellom forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Du får også delta på eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 4168

Anbefalt forhåndskunnskap

Alle utdanninger innen