Vidareutdanning i dokumentarproduksjon er retta mot deg som har erfaring frå mediebransjen og/eller tidlegare medieutdanning, og ønskjer å fordjupe deg i historieforteljing i lengre format, samtidig som du får formell kompetanse og studiepoeng.Jobbar du i ein redaksjon og har eit større dokumentarprosjekt du ønskjer å gjennomføre? Då kan du utvikle og gjennomføre produksjonen som eksamensprosjekt, og publisere den i eigen redaksjon. Utdanninga er også midt i blinken for deg som er ute etter fagleg påfyll, men som ikkje nødvendigvis jobbar i ein redaksjon i dag.
Undervisning og rettleiing vert gjennomført av dyktige tilsette ved Høgskulen i Volda med bakgrunn frå journalistikk og dokumentar. Det vil også bli engasjert gjesteførelesarar som til dagleg jobbar med dokumentarproduksjon og har spisskompetanske på sitt fagfelt innanfor dokumentarproduksjon.Du vil jobbe med utvikling av ein produksjon frå ide til ferdig prosjekt og får erfaring med alle ledd i ein produksjon mellom anna ideutvikling og research, produksjonsplanlegging, etiske vurderingar, historieforteljing og dramaturgi, klipp og etterarbeid.I første semester får du ei innføring i dokumentarsjangeren, med fokus på forteljarteknikk og dramaturgi, korleis du kan researche frem ei dokumentarforteljing og planlegge opptak, samt etiske problemstillingar.Gjennom ein kort produksjon mot i slutten av semesteret får du erfaring med å utvikle dine eigne dokumentaridear til gjennomførbare prosjekter med tydelig narrativ og visuell stil. I andre semester består hovuddelen av emnet i at du utviklar ein lengre eksamensproduksjon innanfor video eller lyd (podkast). I dette semesteret vil samlingar og rettleiing vere knytt til det praktiske arbeidet produksjonen din.