Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Halvårs- og årsstudium
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Dette årsstudiet er eit praktisk-teoretisk studium der du lærer om visuell kommunikasjon, design, handverk og kunst.

Kva lærer du?

Studiet gir deg kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstnariske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får du høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter, gjennom eige skapande arbeid og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori. På timeplanen står mellom anna idéutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verktøy knytt til skapande prosessar.  

Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing er berande innhald.

Vil du studere vidare?

Om du ønskjer å studere vidare innanfor fagfeltet, vil du få godskrive årsstudiet i Bachelor i design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda. 

Følg oss på Instagram og Facebook!

Studiet kan inngå i og er identisk med første året i Bachelor i design, kunst og handverk, som gir fagleg og didaktisk kompetanse for undervisning i kunst, design og handverk i skulesektoren, eller på andre område der kunst-, kultur- og mediefagleg kompetanse står sentralt. 

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 223 630

Alle utdanninger innen