Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
6. februar 2023.


Om studiet
Masterutdanninga tek sikte på å utdanne kandidatar som har inngåande kompetanse om barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar, medrekna kva forhold i samfunnet som særleg har betydning for barn, unge og familiars velferd og kvardagsliv. Ved å studere barnevernsarbeid skal studenten tileigne seg analytiske, kritiske, praktiske og juridiske kompetanse for å kunne arbeide med komplekse problemstillingar i møte med barn og unge og deira familiar. Masterutdanninga er orientert mot, og relavant for, arbeid i ulike deler av barnevernsfeltet, og kvalifiserer til stillingar i kommunalt og statleg barnevern, der det frå 2031 er krav om masterutdanning til visse funksjonar/oppgåver. Søknaden om akkreditering av masterutdanninga er under behandling i NOKUT. Akkrediteringa må vere på plass før vi kan starte. Vi reknar med at utdanninga vert godkjent for oppstart hausten 2023, men må ta atterhald.
Dei obligatoriske emna er: Perspektiv på barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar, 15 STP Barnevernsarbeid, 15 STP Innovasjon, fagutvikling og tverrprofesjonelt samarbeid, 15 STP Forskingsmetode og vitskapsteori, 15 STP Masteroppgåve 30 STP eller Masteroppgåve 45 STP Arbeidet med masteroppgåva er sentralt i studiet. Å skrive masteroppgåve føreset at studentane kan arbeide sjølvstendig med ei oppgåve over tid. Før arbeidet med masteroppgåva skal studenten og rettleiaren skrive under på ein rettleiingsavtale. Avtalen følgjer studenten. Valemne ved Høgskulen i Volda er: Juss i barnevernsfagleg arbeid -15 STP (vår 1. studieår) Tiltak mot rusproblem - 15 STP (vår 1. studieår eller vår 3. studieår) Rus som kulturelt og sosialt fenomen - 15 STP (haust 4. studieår) Meistring – og myndiggjering samhandlingsperspektivet - 15 STP (haust 4. studieår)
Undervisningsopplegg
Masterutdanninga er eit deltidsstudium som går over fire studieår. Det er tre samlingar kvart semester, og studentane tek normalt 15 studiepoeng i semesteret. Utdanninga er samlingsbasert og inneheld varierte undervisningsmåtar, der det vert veksla mellom tradisjonell førelesning, seminar og arbeid i grupper. I gruppearbeida skal studentane reflektere kritisk og drøfte praksisrelevante kasus og eigne erfaringar frå praksis i lys av ulike teoriar og tverrfaglege perspektiv. Samanhengen mellom teoretiske perspektiv og utøving av barnevernarbeid er sentralt. Det vert lagt opp til studentaktivitet både på og mellom samlingane. Samlingane er ved Høgskulen i Volda. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og studentar skje på digitale plattformer. I tilknyting til masteroppgåva kan studentane delta i forskingsgrupper som arbeider med forskingsprosjektet relatert til barnevernfeltet.
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Lokalt opptak 23. Søknadskode: 4543
Anbefalt forhåndskunnskap
Bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog Annan relevant helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar Det er krav om minst C i snitt frå bachelorgraden Utdanninga har krav om politiattest.
Utveksling
Som student ved master i barnevernsarbeid kan du etter søknad få godkjent relevante (15 stp) valemne gjennomført ved universitet eller høgskular i utlandet som Høgskulen i Volda har samarbeidsavtale med.