Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 40
Søknadskode (SO): 223529

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

17. november 2023.

Om studiet

Har du lyst på eit meiningsfylt yrke, der du verkeleg er med på å forme framtida vår? Då kan barnehagelærar vere noko for deg! Utdanninga gir deg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøving av barnehagelæraryrket i eit samfunn prega av mangfald og endring. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn skal oppleve å leike, undre seg og lære, ut frå eigne føresetnader. Barnehagelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet. Det er eit meiningsfylt yrke med eit stort ansvar, der du får brukt deg sjølv og evnene dine på å rettleie barn på ein positiv måte. Utdanninga kvalifiserer deg for å jobbe som pedagogisk leiar og styrar i barnehage. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon.

Undervisningsopplegg

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Studentane skal ha 25 dagar fulltidspraksis. Konferansesystemet Zoom vert nytta, og det er lagt opp til variert undervisning og arbeidsmåtar, mellom anna førelesingar, seminar, gruppeøvingar og praktisk arbeid og formidling. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 223 529

Anbefalt forhåndskunnskap

Utveksling

Det er lagt til rette for at studenten kan ta det sjuande semesteret i utlandet. Høgskulen i Volda har samarbeidsinstitusjonar i Australia, New Zealand, Storbritannia og USA.

Alle utdanninger innen