Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Bachelor
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
180

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Arbeider du i barnehage, men ønskjer å kvalifisere deg til barnehagelærar? Då er arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning eit studium for deg. I denne utdanninga får du bruke arbeidsplassen som læringsarena. 

Kva lærer du?

Gjennom utdanninga skal studenten tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøvinga av barnehagelæraryrket. Målet er å utdanne ansvarlege, handlekraftige og reflekterte barnehagelærarar. Det vert lagt vekt på at det er viktig med samarbeid, forståing og dialog med heimen til barnet og andre instansar med ansvar for barns oppvekst. Barnehagelærarutdanninga skal vere med å bidra til inkluderande praksis i barnehagen. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn, skal oppleve å leike, undre seg og lære ut frå eigne føresetnader.

Kva jobb kan du få?

Utdanninga kvalifiserer deg for å jobbe som pedagogisk leiar og styrar i barnehage. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Kompetansen du får innanfor pedagogikk og leiing er også etterspurt i mange andre yrke.  

Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag retta mot undervisning i småskulen eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk blir du også kvalifisert for arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen. 

 

Praksisopplæringa omfattar 100 dagar. Alt fråvære i praksis må takast att.
Praksisopplæringa skal vere rettleidd, variert og vurdert og er eit samarbeid mellom høgskulen og praksisbarnehagen. Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Det er praksisopplæring i alle studieåra. Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu studenten til god profesjonsforståing. Erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar.

Praksis 3. studieår kan vere på eigen arbeidsplass under føresetnad av at studenten får rettleiing, variert og vurdert praksis. Dette vil utgjere 40 dagar. Barnehagen skal velje kvalifisert praksislærar som har førskule- eller barnehagelærarautdanning, og minimum tre års relevant arbeidserfaring etter fullført pedagogisk utdanning og formell rettleiarkompetanse.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. I tillegg må du legge ved ei stadfesting frå arbeidsgjevar på at du vil ha ei arbeidstilknyting i minimum 40 % omfang i ein barnehage gjennom studieløpet, og stadfesting på at arbeidsgivar er villig til å signere ein partnarskapsavtale med Høgskulen i Volda.Alternativ for generell studiekompetanse kan vere realkompetanse.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt Høstopptak. Søknadskode: 4131

Utveksling

I det tredje studieår vil det bli lagt til rette for eit internasjonalt semester ved ein institusjon som Høgskulen i Volda har samarbeid med.

Alle utdanninger innen