Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Kva lærer du?Som student får du innføring i grunnleggande prinsipp for animasjon og tradisjonelle animasjonsteknikkar, og moglegheit for eksperimentering og fordjuping i valfrie teknikkar. I tillegg får du forske på animasjon som fagfelt og får kjennskap til animasjonsfilm historie. Utdanninga gir deg stor kunstnarisk fridom, og er opptekne av å gi rom for eksperimentering.Studiet gir òg innføring i analytisk, teoretisk og historisk forståing av animasjon, med særskilt vektlegging av estetiske og etiske spørsmål: Kva for kunstnariske moglegheiter har ein som animatør, og kva for ansvar har ein som animatør i verda?Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa finn stad. I samband med dei praktiske oppgåvene får du individuell rettleiing og oppfølging på alle ledd i produksjonen.Kva jobb kan du få?Bachelor i animasjon gir deg kompetanse innanfor eit breitt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med til dømes animert kortfilm og bruk av animerte teknikkar i nyhende, informasjon, reklame og underhaldning. Sjå spelelista vår på YoutubeFølg oss på Instagram
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Det vert lagt til rette for at du som student kan gjennomføre delar av studiet i utlandet ved våre samarbeidsinstitusjonar, til dømes i Danmark, Storbritannia, Frankrike og Australia.