Fakta

Studietype:
Bachelor, 3 år
Pris:

Om lag 30 000 pr 30 stp. Pris på heimesida.

Studieform: Undervisning ved lærestedet, nettstudium, samlingsbasert
Studietempo: Heltid, deltid
Studiepoeng:
180

Informasjon oppdatert

13. januar 2025.

Om studiet

Korleis skapa ei grønare framtid? Korleis samarbeida aktivt med naturen?

HGUT sitt bachelorstudium i nyskaping og regenerativ utvikling (180 studiepoeng) er unikt i Norge, og gjev eit relevant og spissa utdanningstilbod for ei lang rekke utviklingsretta yrke og samfunnsoppgåver.

Døme er:

Gjennom bachelorstudiet i nyskaping og regenerativ utvikling får studentane omfattande og handlingsretta kunnskap om verdiskaping (sosial, kulturell og naturbasert), og om korleis stader og lokalsamfunn kan endrast nedanfrå. Utvikling på lag med dei verdiskapande kreftene i naturen er særleg vektlagt.

Studentane lærer å sjå med nye auge på ressursane dei har rundt seg og å ta dei i bruk på nye måtar. Slik blir dei aktive utviklarar og pådrivarar i forhold til eigen livssituasjon og eige miljø. Mobiliseringsarbeid er også sterkt vektlagt.

Studiet stimulerer til nyfikenheit, skaparglede og kreativitet, og legg difor også opp til samarbeid med forvalting, nærings- og organisasjonsliv.

Høgskulen for grøn utvikling har Kunnskap for utvikling! som hovudvisjon. I tråd med denne visjonen skal studiet synleggjera og gje grunnleggjande kunnskap om det handlingsrom me har som menneske til å påverka framtida i positiv retning.