Nøkkelinformasjon

Om studiet

Bli med på et år fullt av adrenalin, mestring og spektakulære naturopplevelser i Ekstremsportbygda Voss! Her får du drive med det du elsker – fra elvepadling til episke skidager på pudderføre.

Ski & Elv er linja for deg som vil bruke årstidene til det beste og vere ute uansett vêr! Vi kombinerer snø og vatn for å leike og lære i. Når pudderalarmen går, er vi i skianlegget. Er det nysnø på fjellet, tek vi på fellene. Frys fossane til is, klatrar vi. Og når regnet kjem, padlar vi – i elva blir du våt uansett. Linja passar for deg som har stått litt på ski før og synest elvepadling ser både skummelt og veldig artig ut. Studietur til

Dette gjer vi

  • Køyre pudder og frikøyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert).
  • Gå på toppturar med skifeller for å finne urørt snø.
  • Klatre i islagte fossar med isøks og stegjern.
  • Lære om vinterteltliv og overnatting ute.
  • Padle kajakk og SUP i verdskjende elver når snøen smeltar.
  • Utfordre deg sjølv i vindtunnel.
  • Avslutte halvåret med eit tandemhopp i fallskjerm.

Her er vi

  • Voss resort - Vestlandets største skianlegg
  • Myrkdalen - Puddermekka
  • Nokon av verdas beste padleelver på Voss
  • Studietur til Soča Valley i Slovenia – Alpene sitt ekstremsportparadis med smaragdgrøn elv og rå natur.

Dette lærer du

  • Tryggleik og risikovurdering: Lær å ta trygge val i bratt terreng.
  • Frikøyring og topptur: Bli ein råare og tryggare skikøyrar.
  • Skredlære: Få kunnskap som er livsviktig i vinterfjellet.
  • Elvepadling: Meistre straum og bølgjer i kajakk og på SUP.
  • Klatring: Lær teknikkar for isklatring, klatring og rappellering.
  • Førstehjelp: Vere førebudd om uhellet skulle vere ute.
  • Samarbeid: Opplev kor viktig det er å stole på og sikre kvarandre.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.