Nøkkelinformasjon
Om studiet
Er du klar for nye eventyr på Voss? Meistring og eventyr på fjellet eller i fjorden. Varierte idrettar, klatring, jakt og fiske om du vil. Naturen og tilbodet i bygda innbyr til eit spennande halvår.
Denne linja er perfekt for deg som vil prøve mykje variert, som er glad i idrett, og som vil bygge solid kompetanse i friluftsliv. Me tør påstå at idretts- og friluftsbygda Voss er ein perfekt plass – naturen og tilbodet innbyr til allsidig og spennande aktivitet rett utanfor døra! Du som likar nye utfordringar og kosar deg med kveldsbålet, fiskestonga, ski/brett og vennskap vil stortrivast her. Vi drar til Alpene på studietur i 14 dagar!
Dette gjer vi
- Klatring i Sogndal
- Alpetur
- Me overnattar i snøhole, iglo, telt og under open himmel
- Det blir lange samtalar kring bålet, fiske og læring om turmat
- Du utviklar deg i ski og snowboard teknikk i Voss Resort
- Me nyttar skulen sin gymsal, nytt styrkerom og bygda sine idrettshallar
Her er me
- Fjellheimen og fjordane rundt Voss
- Klatre i Sogndal
- Alpetur Europa
- Skuletur til Rosendal
Dette lærer du
- På denne linja bygger du viktig kunnskap for å ferdast trygt og godt ute
- Læring i Kart og kompass, samt grunnleggjande Skredlære
- Sikkert friluftsliv i både høgfjellet og ved kysten
- Klatring (du kan ta brattkort) og buldring
- Førstehjelp på tur
- Mat på tur