Nøkkelinformasjon
Om studiet
Opplev magien og utvikl deg kreativt i et skapende miljø. Filmfestivaler, utstillinger, kortfilmer, kunstfoto, analog fotografi, mørkerom. Fantastisk natur! Vossa Jazz, Filmfestivalen i Gøteborg.
På Foto & Kortfilm er det praktisk, kreativt og skapande arbeid som står i sentrum. Med støtte frå erfarne og prisvinnande lærarar får du realisert dei kreative ideane og prosjekta dine. Du får møte anerkjende gjestelærarar frå bransjen, og gjennom utforsking og eksperimentering utviklar du deg til å bli ein sjølvstendig filmskapar og fotograf.
Dette gjer vi
- Produserer og ferdigstiller kortfilmar som me sender til festivalar som Amandus og Minimalen.
- Reiser på studietur til Gøteborg Filmfestival i februar for fagleg påfyll og inspirasjon.
- Jobbar som festivalfotograf på Vossa Jazz og får oppleve unike artistar på nært hald.
- Brukar årskortet i skianlegget og prøver spennande aktivitetar som rafting og vindtunnel.
- Lagrar felles fotoutstillingar på skulen.
Her er vi
Skulen har eit levande kreativt miljø, og du får tilgang til ei rekkje verkstader og rom for å utfolde deg, blant anna:
- Kinosal
- Fotostudio og mørkerom
- Redigeringsrom og Mac-lab
- Musikkstudio
- Kunst- og sløydsal
Dette lærer du
- Å utvikle og realisere eigne idear frå konsept til ferdig film eller fotografi.
- Praktisk filmproduksjon, inkludert manus, regi, filming og redigering.
- Både digital og analog fotografering, inkludert mørkeromsarbeid.
- Å jobbe profesjonelt som event- og festivalfotograf.
- Bruk av profesjonell programvare som Adobe Creative Suite.
- Å planleggje og gjennomføre eigne kreative prosjekt og utstillingar.