Nøkkelinformasjon

Om studiet

Bli med på et år fullt av adrenalin, mestring og spektakulære naturopplevelser i Ekstremsportbygda Voss! Her får du drive med det du elsker – fra elvepadling til episke skidager på pudderføre.

Ski & Elv er linja for deg som vil bruke årstidene til det beste og vere ute uansett vêr! Vi kombinerer snø og vatn for å leike og lære i. Når pudderalarmen går, er vi i skianlegget. Er det nysnø på fjellet, tek vi på fellene. Frys fossane til is, klatrar vi. Og når regnet kjem, padlar vi – i elva blir du våt uansett. Linja passar for deg som har stått litt på ski før og synest elvepadling ser både skummelt og veldig artig ut.

Dette gjer vi

  • Køyre pudder og frikøyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert).
  • Gå på toppturar med skifeller for å finne urørt snø.
  • Klatre i islagte fossar med isøks og stegjern.
  • Lære om vinterteltliv og overnatting ute.
  • Padle kajakk og SUP i verdskjende elver når snøen smeltar.
  • Utfordre deg sjølv i vindtunnel.
  • Tandemhopp i fallskjerm.

Her er vi

  • Voss resort - Vestlandets største skianlegg
  • Myrkdalen - Puddermekka
  • Nokon av verdas beste padleelver på Vos

Dette lærer du

  • Tryggleik og risikovurdering: Lær å ta trygge val i bratt terreng.
  • Frikøyring og topptur: Bli ein råare og tryggare skikøyrar.
  • Skredlære: Få kunnskap som er livsviktig i vinterfjellet.
  • Elvepadling: Meistre straum og bølgjer i kajakk og på SUP.
  • Klatring: Lær teknikkar for isklatring, klatring og rappellering.
  • Førstehjelp: Vere førebudd om uhellet skulle vere ute.
  • Samarbeid: Opplev kor viktig det er å stole på og sikre kvarandre.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.