Nøkkelinformasjon
Om studiet
Bli med på eit år fullt av adrenalin, meistring og spektakulære naturopplevelsar i Ekstremsportbygda Voss! Her får du alt frå grundig opplæring elvepadling til episke skidagar på pudderføre.
Ekstremsport Ski & Elv er linja for deg som vil bruke årstidene til det beste og vere ute uansett vêr! Vi kombinerer snø og vatn for å leike og lære i. Når pudderalarmen går, er vi i skianlegget. Er det nysnø på fjellet, tek vi på fellene. Frys fossane til is, klatrar vi. Og når regnet kjem, padlar vi – i elva blir du våt uansett. Linja passar for deg som har stått litt på ski før og synest elvepadling ser både skummelt og veldig artig ut.
Dette gjer vi
- Elvepadling i verdsklasse
- Køyre pudder og frikøyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert)
- Studietur til Soča Valley i Slovenia – Alpene sitt ekstremsportparadis med smaragdgrøn elv og rå natur
- Gå på toppturar med skifeller for å finne urørt snø
- Klatre i islagte fossar med isøks og stegjern
- Lære om vinterteltliv og overnatting ute
- Padle kajakk og SUP i verdskjende elver når snøen smeltar
- Utfordre deg sjølv i vindtunnel
- Solo/overlevelsesdøgn
- Padletur i UNESCO-verdsarvområdet Nærøyfjorden; Padling, teltliv og fjelltur
- Avslutte halvåret med eit tandemhopp i fallskjerm
Dette lærer du
- Frikøyring og topptur Bli ein råare og tryggare skikøyrar
- Skredlære Få kunnskap som er livsviktig i vinterfjellet
- Elvepadling Meistre straum og bølgjer i kajakk og på SUP
- Klatring Lær teknikkar for isklatring, klatring og rappellering
- Tryggleik og risikovurdering Lær å ta trygge val i bratt terreng
- Førstehjelp Vere førebudd om uhellet skulle vere ute
- Samarbeid Opplev kor viktig det er å stole på og sikre kvarandre
- Matlaging på tur