Nøkkelinformasjon
Om studiet
Opplev meistring og vennskap på Bratt-linja! Ski, snowboard og frikøyring i park og bakke med vestlandets største alpinsenter rett i nærleiken. Det handlar om å ha det gøy og utfordre seg sjølv!
Opplev vintermagi på halvårslinja til Bratt på Voss! Voss er eit ekte vintereldorado med rå fjell, utfordrande bakkar og to alpinanlegg rett i nærleiken. Her får du kjenne på friheit og meistring på ski og brett – i parken, i bakken og på urørte frikøyringslinjer med pudder. Fokuset vårt er enkelt: meistring, moro og vennskap. Som elev får du sesongkort i begge anlegga, slik at du kan køyre så mykje du vil. Vi drar til Alpene på studietur i 14 dagar!
Dette gjer vi
- Heisbasert køyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert).
- Utforske frikøyringslinjer og jakte på pudder
- Leke oss med hopp og rails i terrengparken
- Lære kiting på snø over to dagar
- Dødsing både innendørs og utendørs
- Klatring
Her er vi
- Voss resort - Vestlandets største skianlegg
- Myrkdalen - Puddermekka
- Alpene
Dette lærer du
- Utvikle din personlege stil, teknikk og tryggleik på ski eller snowboard
- Få personleg rettleiing som løftar ferdigheitene dine, uansett om du er nybyrjar eller erfaren
- Park og Frikjøring
- Dødsing
- Klatring
- Kiting
- Preski: trening, yoga, massasje