Nøkkelinformasjon

Om studiet

Vestlandet byr på eit hav av freistingar. Her er det skikkelig uvêr og det bles nordavind frå alle kantar. Heldigvis! Då er du på rett plass!

Det merkar du når du surfar di fyrste grøne bølgje i Hoddevika, eller tek på våtdrakta og fridykkar ned i ei ny verd. På vindfulle dagar får du friske opplevingar i seglbåt eller i ein RIB med 300 hestekrefter. På godversdagar venter stuping, fiskeskøyte, vannski, wakebord, ein tredagers kajakk-ekspedisjon og mykje meir.

Turen til Sardinia er ein 20 dagar lang tur med tog og båt gjennom Europa for å oppleve dagar med surfing, snorkling, sykling og klippehopp.

På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå skulen. Dette, og byens badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 250 kr for eit halvt skuleår. 

Det er på slike dagar du tenker: For eit år det kjem til å bli!
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her.

Det meste av det beste:
Interrail Europa/Sardinia | Surfing i Hoddevika | Segling | Fjellturar/toppturar | Kajakkekspedisjon | «Møte med det ukjente» | Fridykking | Bålprat | Elv-/grottevandring | Fisketur | Sunnmørsalpane | Klippehopping | Vannsport | Solodøgn

Info om halvårskurs:
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet.

Sidan studieturen ligg på hausten, er prisen høgare på haust enn vår. Då er det greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen.

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.