Nøkkelinformasjon
Om studiet
Idrett.Ball satser høgt. Ikkje berre i 2 x 45 minutt, men eit heilt år. Under kan sjå film av klassen ein fullspekka linjedag
Denne linja passer perfekt for deg som likar allslags ballsport og gira lagkameratar. Her blir det fotball, beachvolley/volleyball, handball, basket, innebandy, ishockey, golf, fotballgolf og frisbeegolf. I tillegg får du racketsporter som padel, squash, pickleball, badminton og bordtennis.
Du får meir: Du får surfe i Hoddevika, køyre pudder på Strandafjellet, køyre styggfort på gokartbana, vere snikskytter på leirdue og i paintball, dødse frå 5-meter’n, teste ut ein dag med paraglider og mykje anna.
Fantastiske treningsanlegg
I tillegg til skulen sin gymsal og frisbeegolfbane er det kun 50 m til eit stort treningssenter med crossfitanlegg, squashbaner, møller og alt du treng av treningsapparat (500 kr for eit heilt skuleår). Det er også kort veg til ei sykkelbane med flytstiar, 9-hols golfbane, 18-hols fotballgolfbane, turnhall, padelhall, buldrehall, fotballhall, friidrettshall og fri tilgong til ein svær fleirbrukshall med klatrevegg og badeland.
Eigentleg er det ikkje noko å lure på.
Berre pakk treningsbagen og gjer deg klar!
Fortsatt nysgjerrig?
Les meir om linja på sunnmore.fhs.no/linjer/idrett-ball