Nøkkelinformasjon

Om studiet

Idrett.Ball satser høgt. Ikkje berre i 2 x 45 minutt, men eit heilt år. Under kan du sjå film av klassen ein fullspekka linjedag

Denne linja passer perfekt for deg som likar allslags ballsport og gira lagkameratar. Her blir det fotball, beachvolley/volleyball, handball, basket, innebandy, golf, fotballgolf og frisbeegolf. I tillegg får du racketsporter som padel, squash, pickleball, badminton og bordtennis.

Du får meir: Du får surfe i Hoddevika, klatre Via Ferrata, køyre styggfort på gokartbana, vere snikskytter på leirdue og i paintball, dødse frå 5-meter’n, teste ut ein dag med paraglider og mykje anna.

Fantastiske treningsanlegg
I tillegg til skulen sin gymsal og frisbeegolfbane er det kun 50 m til eit stort treningssenter med crossfitanlegg, squashbaner, møller og alt du treng av treningsapparat (500 kr for eit heilt skuleår). Det er også kort veg til ei sykkelbane med flytstiar, 9-hols golfbane, 18-hols fotballgolfbane, turnhall, padelhall, buldrehall, fotballhall, friidrettshall og fri tilgong til ein svær fleirbrukshall med klatrevegg og badeland.

Sør-Afrika
På turen til Sør-Afrika får du høg puls i ditt fyrste fallskjermhopp og i verdas lengste strikkhopp på 216 m, du surfar, køyrer ATV og opplever ein dag på Safari. Sør-Afrika er likevel meir enn det. I Cape Town får du ein miks av sterke menneskemøter og meiningsfylte prosjekt blant fattige i townshipen. På Robben Island får du besøke fengselscella til Nelson Mandela.

Eigentleg er det ikkje noko å lure på.
Berre pakk treningsbagen og gjer deg klar!

Fortsatt nysgjerrig?
Les meir om linja her.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.