Nøkkelinformasjon
Om studiet
Opplev verda - reis med hjartet. Bli med til Tanzania og Sør-Afrika!
Linja er i stor grad bygd opp rundt to lengre studieturar. I oktober/november reiser du fire veker til Tanzania og Sør-Afrika.
Tanzania
I landsbyen Ilula får du sterke menneskemøter og der treffer du skulen sin Stop Poverty-partner. Då får du også eit heilt unikt møte med ein Masai-landsby og du lager mat på bål saman med ein storfamilie utanfor stråhytta deira. På safari i Mikumi kjem du skummelt tett på løver og elefantar og på Bongoyo får du bade på kritkvite strender i azurblått hav.
Sør-Afrika
I Sør-Afrika går du i fotspora til Nelson Mandela. Du besøker Soweto, Pietermaritzburg, Durban og Cape Town. Du lærer om utfordringane Sør-Afrika har etter Apartheid, men det blir også tid til meir. Om du vil, kan du teste ut Big Rush Rope Swing i Durban, surfing i Det Indiske hav og oppleve ditt fyrste fallskjermhopp.
Sunnmøre
Heime i Norge får du det beste av Sunnmøre. Då blir det god tid til surfing, kajakk, klatring, grottevandring og mykje anna. Du vil overnatte i hytte, hengekøye og lavvo. Du bør difor like å vere ute.
På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå skulen. Dette, og byen sitt badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 500 kr for eit heilt skuleår.
Innsikt
Kort sagt: Dette vert eit år der du er mykje på tur. Likevel er kanskje den viktigaste reisa inni deg sjølv.