Nøkkelinformasjon

Om studiet

Vi tilbyr alle elevar med ulike funksjonsevner og tilpassingsbehov plass på den linja dei ynskjer innanfor det som er mogleg. Vi skreddersyr kvardagen etter dine behov og interesser. Valet er ditt.

Tilpassa Sunnfjord er basert på at alle elevar med ulike funksjonsevner eller tilpassingsbehov har rett til eit fullverdig og likeverdig år på folkehøgskule. Grunntanken er at også elevar med tilpassingsbehov skal få vere med å bestemme over sin eigen kvardag og kva dei synes er meiningsfullt å vere med på.   

Vår modell opnar også for eit opplegg for dei elevane som søkjer ordinært og som til dømes treng barnehageplass for eige barn, eller tilpasning grunna ulike typar funksjonsnedsetting. Eleven veljer kva linje han eller ho ønskjer å gå på, så langt det let seg gjere. Vi skreddarsyr både undervisningsopplegg og bu-situasjon ut ifrå kapasitet, behov og meistringsnivå. Målet er at eleven er med på ei av dei eksisterande linjene våre.

Skulen har fagpersonar som er relevante for mange brukarar. Dei kan tilpasse undervisning i praktiske og sosiale fag som butrening, økonomi, matlaging, og kropp og helse når det er behov for det. Målet er sjølvstendiggjering i trygge omgjevnadar. Du får sjanse til å meistre utfordringar i kvardagslivet, slik at du i størst mogeleg grad blir rusta til eit liv i eigen bustad, med jobb og i lokalmiljøet.

Elevar som søkjer på særskilt grunnlag kan få tildelt plass før 1. februar. Søk tidleg! Send gjerne ein epost til rektor, eller bruk søknadsskjemaet

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.