Nøkkelinformasjon

Om studiet

Opplevingar, meistring og musikk! Musikk-, bu- og fritidslinja er spesielt for deg som treng tilrettelagt og tilpassa opplæring. Bli sjølvstendig, møt nye vener og finn dine kreative krefter!

Deltaking på denne linja krev økonomisk støtte frå heimkommunen din og/eller frå Nav.

Bli sjølvstendig

Med linja Musikk, bu og fritid ynskjer me å gje eit folkehøgskuletilbod til unge med ulike spesielle behov. Folkehøgskule er på mange måtar noko anna enn ordinær skule, og vil kunne vera eit godt tilbod til dei som ikkje meistrar såkalla vanleg skulegong.

Å bu eit år på folkehøgskule inneber å veksa som eit sjølvstendig menneske, utvikla sine sosiale sider og læra fag på ein friare måte enn det ein tradisjonell skule kan

Me har som mål å vera ein kulturverkstad der ungdom kan utvikla sunne haldningar i eit miljø der det faglege og sosiale vert integrert, slik at kreative krefter kan veksa fram.

Oppleving av meistring

Me ynskjer å tilby alle ei mogelegheit til å gjennomføra eit annleis år, og trur at læringsmetodar som kombinerer teori og praksis er gode for menneske som har ulike utfordringar.

Gjennom faga me presenterer skal dei unge verta betre i stand til å klara seg sjølve i forhold til daglegdagse aktivitetar, ha utvikla god sosial kompetanse og utvikla nye ferdigheiter innanfor musikkfaget.

Gjennom denne danningsprosessen håpar me at dei unge vert betre rusta til å takla eiga framtid. Det viktigaste er likevel, anten det gjeld fagaktivitetar eller fritidsinteresser, at me gjev eleven ei oppleving av meistring.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.