Nøkkelinformasjon

Om studiet

Muskallinja - scena er di! Du får proff undervisning i song, teater og dans, Du får sette opp forestillingar på små og store scener. Studitur til London og New York. Lærar med internasjonal erfaring.

Du tenker at du står på scena saman med mange andre, musikken løfter rommet, du syng, dansar og mottar applaus frå publikum! Eller kanskje du sat som publikummar med gåsehud og tenkte «det der vil eg også vere en del av!» 

Musikal Teater på Sunnfjord Folkehøgskule har som mål å gje deg muligheit til å utvikle deg i eit profesjonelt miljø. Målet er å bygge opp eit godt grunnlag og førebu deg til vidare utdanning innan teater og musikal-teater. Halvårskurs vil naturleg nok ikkje gje same utbytte som heilårslinja, men du vil kunne få verdfulle opplevingar og erfaringar å ta med deg vidare. 

Du få vere med å sette opp ein fullskala musikal for stort publikum. Dette skjer saman med linja Dans Idrett og alle dei andre elevane på skulen. 

Sunnfjord Folkehøgskole baserer si teaterundervisning på Meisner Technique, ein kjend amerikansk metode for skodespelarutdanning. Tidlegare erfaring med teater er ikkje viktig. Innsats, ønskje om å jobbe seriøst og utfordre deg sjølv er det viktigaste!

Vi vil jobbe med klassiske og moderne tekstar frå heile verda. I tillegg til rein teaterundervisning vil du vere innom vokal teknikk, tekstframføring, scenekamp, fysisk teater og korleis du skal klare deg og utvikle deg i denne bransjen. Du vil få erfaring med å jobbe på tradisjonelle scener og spesifikke lokasjonar ute i naturen eller i bymiljøet.

På musikal-linja lærer du song, dans og teater, og du får tid til å fokusere på teknikk og formidling.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.