Nøkkelinformasjon

Om studiet

Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur.

Eventyrleg Idrett inneheld ei rekkje aktivitetar og idrettar både til lands og til vanns, inne og ute. I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidrettar og vi trenar i treningsstudioet til skulen minst éin gong i veka. Dette kan du også nytte på fritida så mykje du ynskjer. 

Vannsport er òg ein del av Eventyrleg Idrett! Normalt køyrer vi eit våttkurs i hav- og elvekajakk på hausten. Vi skal rafte ned Jølstraelva og kjempe med naturkreftene. Du vil få utforska magien i havet når vi dykkar i Førdefjorden og andre vakre områder.

I løpet av våren skal du også påsurfekurs i Hoddevikasom er omkransa av vill og vakker natur. Du får kyndiginnføring i grunnleggande teknikkav ein instruktør.

Linjeturen om hausten går til Geilo for å prøve stisykling!

Det er gode forhold for vinteridrettar i området rundt Sunnfjord folkehøgskule. Vi skal ha eit langrennskurs og gå i dei flotte skiløypene ved Langeland skisenter. Det er gode forhold for skiturar og toppturar. Om du har toppturutstyr så er det veldig bra, men ikkje noko du må ha for å gå denne linja. Det ligg veldig godt til rette for toppturar i Sunnfjord, men du skal også få stå på slalomski eller snowboard. I tillegg til å reise til det populære skisenteret Hodlekve, skal vi også ha ei kort veke i Hemsedal skisenter.

Du vil få vere med på fjellturar med utsikt som gir fred i sjela. Du skal få lære ålage bålog lære ålage mat ute i naturen. I tillegg skal visanke inn litt mat og plukke litt bær og sopp. 

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.