Nøkkelinformasjon

Om studiet

Bli betre i e-sport, og får du ein aktiv kvardag med klatring, styrketrening og andre idrettar. Vi jobbar saman for å bli betre ved bruk av analyse, coaching og kommunikasjon.

Vil du utvikle deg sjølv som e-sportutøvar? Det tek tid og målretta innsats.  E-sport har blitt stort dei siste åra, og er ein naturleg del av ungdom sin kvardag. Her kan du kan kombinere å utvikle deg innanfor e-sport, samtidig som du har eit aktivt liv.  Vi skal drive idrett og leik, og vi skal trene både i treningsstudio, gymsal og ute. Nemnte vi unike naturforhold? 

Linja vil ha hovudfokus på CS og Valorant, og vi vil konsentrere oss om ferdigheiter som er nyttige for alle FPS-spel. På linja vil vi hente inn personar med spisskompetanse i ulike spel for at du skal få ekstra gode inputs.

E-sport Aktiv er e-sport pluss aktivitet

Sunnfjord Folkehøgskole har en lang tradisjon som en idrettsskule. Her på E-sport aktiv vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på lagbygging og individuelle ferdigheiter, er ambisjonsnivået at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar.

På E-Sport Aktiv brukar vi både gymsal og treningsstudioet i undervisninga. Vi ser i større og større grad at fysisk trening i E-Sport virkar prestasjonsfremjande for utøvarane. På treningsstudiet vil du få hjelp til å lage eit program som passar til deg. 

Studietur til utlandet!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.