Nøkkelinformasjon

Om studiet

Klar for å utforske ei verd der kreativiteten din får fritt spelerom? Å gå på animasjonslinja på Møre folkehøgskule er som å tre inn i eit univers der du kan sjå ideane dine bli til liv!

Du får sjansen til å lage dine eigne prosjekt, jobbe med kule verktøy og apper, og kanskje til og med lage din eigen minifilm! Frå å planlegge scener til å sette saman musikk og lydspor, får du full kreativ kontroll. Det beste? Du får dele dette med andre og kanskje vise fram animasjonen din på festivalar eller konkurransar.

Om du diggar å fortelje historier, eksperimentere med kunst og teknologi, eller drøymer om å jobbe innan film, spill eller media, er animasjonsfaget den perfekte måten å utfordre seg sjølv – og ha det sjukt gøy samtidig!

Her lærer du korleis du kan lage alt frå enkle korte snuttar til meir avanserte animasjonar, enten du vil teikne for hand, bruke digital teknologi, eller prøve stop-motion.

På denne linja lærer du om:

• Tegnefilm
• Pixillasjon
• Cut out
• Dukkefilm
• Digital animasjon, manga, anime
• Eksperimentell animasjon
• Musikkvideo
• Stop Motion
• Kamera
• Manus/storyboard
• Bildekomposisjon
• Redigering i Adobe Premiere
• Lyd 
Les meir om Animasjon // Japan - Classic, Manga og Anime på Møre Fhs web

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.