Nøkkelinformasjon

Om studiet

Bli betre i e-sport, og ha ein aktiv kvardag med klatring, styrketrening og andre idrettar. Jobb saman med andre spelarar for å bli betre i alt frå kommunikasjon til taktisk forståelse.

Vil du utvikle deg sjølv som e-sportutøvar? Det tek tid og målretta innsats. Her kan duutvikle deg i spelet ditt, samtidig som dufår bevege kroppen. Her vil du spele dataspel, lære om trening og kosthald,og finne på kjekke sosiale ting.Du har tilgang til treningsstudio, gymsal og fantastisk flott natur i nærleiken. Vi arrangerer ofte switch kveldar og turneringar, og vi brukar å streame kampane våre for resten av skulen. Du vil også bli kjent med elevar frå linjer som driv med bl.a volleyball, dans, idrett, som ofte pleier å ha interesse for e-sport og trening. 

I linjetimane vil vi ha hovudfokus på CS2 og Valorant, men vi fokuserer på ferdigheiter som er nyttige for alle FPS-spel. Samarbeid, aim, taktiske ferdigheter og kommunikasjon er viktige stikkord for det vi driv med. For å lære om desse ferdigheitene brukar vi blant anna Aim Lab, demo reviews, førelesingar, spel og konkurransar. Linjelærer har spisskompetanse i CS2 og Valorant, men har også god kunnskap om andre spel, som for eksempel PUBG og Dota 2. 

E-sport Aktiv er e-sport pluss aktivitet

Sunnfjord Folkehøgskole har ein lang tradisjon som idrettsskule.Her på E-sport aktiv vil vi bygge vidare på dennegode tradisjonen.Ved å fokusere pålagbygging og individuelle ferdigheiter, er ambisjonsnivået at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar. Elevane på E-sport aktiv er viktige for lokalmiljøet i form av dei hostar UKM-lan for ungdommen i Sunnfjord. 

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.