Nøkkelinformasjon

Om studiet

Er du interessert i foto og likar å reise så er dette linja for deg! Vi oppsøker spennande motiv, både i lokalmiljøet og ute i verda.

Fotoreise er ei fotolinje med fokus på kultur, natur og verden.

Du vil få grundig opplæring i fotofaget, så du treng ikkje ha mykje førehandskunnskapar. Kan du derimot mykje om foto frå før, treng du ikkje vere redd for å ikkje få nye utfordringar. Fotoreise er altså ei reise i fotofaget, samt ei fotolinje som er mykje på reise.

Når vi ikkje er på reise jobbar vi med spennande prosjekt på skulen. For at du skal bli ein betre fotograf og for at du skal utvikle din eigen personlege stil blir det lagt opp til ein god del fotooppgåver. 

Vi skal blant anna innom portrettfotografering, dokumentarfotografi, landskapsfotografi, studiofotografering og skulen har flotte mørkerom kor vi jobbar med analog fotografi. Skulen har alt du treng av utstyr til dette.

I klasserommet har vi iMac maskiner og ein flott printer for storformat. Du vil få opplæring i Lightroom og Photoshop, og jobbe både med utstillingar og digitale bildepresentasjonar. Det blir lagt vekt på at du skal bygge deg en portefolie på Instragram. Sosiale medier er et flott sted å markedsføre seg selv som fotograf.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.