Nøkkelinformasjon

Om studiet

Er du interessert i foto og likar å reise så er dette linja for deg! Me oppsøker spennande motiv, både i lokalmiljøet og ute i verda.

Fotoreise er ei fotolinje med fokus på kultur, natur og verda.

Er du nygjerrig på kva livet og verda kan by på og samstundes ynskjer å lære foto? Då er dette ei linje for deg!

Du vil få grundig opplæring i fotofaget, så du treng ikkje ha mykje førehandskunnskapar. Kan du derimot mykje om foto frå før, treng du ikkje vere redd for å ikkje få nye utfordringar. Fotoreise er altså ei reise i fotofaget, samt ei fotolinje som er mykje på reise.

Når me ikkje er på reise jobbar me med spennande prosjekt på skulen. For at du skal bli ein betre fotograf og for at du skal utvikle di eiga personlege stil blir det lagt opp til ein god del fotooppgåver. 

Me skal blant anna innom portrettfotografering, dokumentarfotografi, landskapsfotografi, studiofotografering og skulen har flotte mørkerom der me jobbar med analog fotografi. Skulen har alt du treng av utstyr til dette.

I klasserommet har me iMac maskiner og ein flott printer for storformat. Du vil få opplæring i Lightroom og Photoshop, og jobbe både med utstillingar og digitale bildepresentasjonar. Det blir lagt vekt på at du skal bygge deg ei portefolie på Instragram. Sosiale medier er ein flott stad å marknadsføre seg sjølv som fotograf.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.