Nøkkelinformasjon

Om studiet

Er du interessert i foto og likar å reise? Då er dette linja for deg! Me oppsøkjer spennande motiv, både i lokalmiljøet og ute i verda.

Fotoreise - ei fotolinje med fokus på kultur, natur og verda.

Er du nygjerrig på kva livet og verda kan by på, og samstundes ynskjer å lære foto? Då er dette ei linje for deg!

Du treng ikkje ha mykje kunnskap om foto på førehand, då du får grundig opplæring i faget hjå oss. Kan du derimot mykje om foto frå før, kan me love deg nye utfordringar.

Når me ikkje er på reise jobbar me med spennande prosjekt på skulen. Det er lagt opp til ei rekke fotooppgåver, med mål om at du skal kunne utvikle deg til å bli ein betre fotograf, med din heilt personlege stil.

Me skal lære meir om mellom anna portrettfotografering, dokumentarfotografi, landskapsfotografi og studiofotografering. Skulen har flotte mørkerom, der me jobbar med analog fotografi, og har alt du treng av utstyr til dette.

I klasserommet har me iMac maskiner og ein flott printer for storformat. Du vil få opplæring i Lightroom og Photoshop, og jobbe både med utstillingar og digitale bildepresentasjonar. Det blir lagt vekt på at du skal bygge deg ei portefolie på Instragram. Sosiale medier er ein flott stad å marknadsføre seg sjølv som fotograf.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.