Nøkkelinformasjon
Om studiet
Er du klar for å reise ut i verda, oppleve nye kulturar og samtidig lære å planleggje eigne eventyr? På Reis og opplev // Europa og Asia får du gjort nettopp ded!
Dette er linja for deg som ikkje berre vil bli med! Du vil drøyme, planlegg og så reise. Samen mad medstudentane dine. Første halvår startar vi litt nære med Norge og Europa før vi andre halvår planlegg ein lang tur til Asia! Spennande? Og det besta av alt: Det DU som er med å skaper opplevingane!
Gjennom året får du ikkje berre fantastiske reiseopplevingar, men du vil også bli del av det magiske folkehøgskulelivet – med vennskap, internatliv og eit fellesskap du vil hugse for alltid. Om du drøymer om å sjå verda, utvikle deg sjølv og få minner for livet, er denne linja for deg. Klar for å bli med?
Drøymer du om å utforske verda? På "Reis og Opplev // Europa og Asia" ved Møre folkehøgskule får du planleggje dine eigne reiser, oppdage nye kulturar og besøkje spanande stader – alt medan du lærer om berekraftig reising og korleis vårt besøk påverkar miljøet. Turane går til både Europa og Asia, og du kan velje om du vil vere med på éi eller begge. Opplev alt frå storbyliv til eksotiske strender. Dette er året for nye vener, minner for livet og å sjå verda med nye auge. Klar for ditt største eventyr?