Nøkkelinformasjon

Om studiet

Lær å skrive rim, rappe og spele inn dine eigne låtar

Har du lyst til å bli rappar?

Då treng du berre tre ting (og det er noko som nesten alle har):

  • ei stemme
  • evna til å finne rimord
  • evna til å telje til fire

Vil du bli ein god rappar, treng du litt tid – og kanskje hjelp frå ein ekte rappar som har gjort det lenge?

Det kan du få på Møre folkehøgskule si heilt nye linje: RAP // NYC.

Frå «Mellom bakkar og berg» til «Ørsta rådhus»

Ørsta og nabobygda Volda har lange og stolte tradisjonar for dikting, språk og musikk. Heilt frå 1800-talet då nynorskens far, Ivar Aasen voks opp her fram til vår tids diktarar: rapparane i Side Brok, Sirkel Sag og louilexus.

Det er også våre lokale heltar som står bak rap-linja: Runar Gudnason (Side Brok og Sirkel Sag) har planlagt forløpet i samarbeid med Emil Lewe (louilexus). Emil blir rap-lærar gjennom heile året, og Runar er med på ein workshop kvart semester.

Unge Emil og gamle Runar er frå to heilt ulike rap-generasjonar, og til saman har dei kompetanse på all slags rap. Vil du lage tradisjonell skryte-rap på old school beats? Eller moderne og melodiøs rap med full autotune? Her er alt lov. I dag er rap ein ekstremt brei og mangfaldig sjanger, og det likar vi. Fokuset vårt er berre på gode rim og god musikk.

Du får også lære litt om rappen og hip-hopens historie, og studieturen går til staden der det heile starta, New York City.

Alle i Noreg har ein dialekt, og alle dialektar funkar til rap – kom med den dialektenduhar!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.