Nøkkelinformasjon

Om studiet

"Multisport X // Thailand" (tidlegare FIT // Thailand) gir deg det beste frå to verdenar – actionfylt idrett og episk friluftsliv både heime i Noreg og ute i verda!

Multisport X // Thailand (tidlegare FIT // Thailand) kombinerer idrett, friluftsliv og tropiske eventyr – perfekt for deg som vil utfordre deg sjølv, lære nye ferdigheiter og skape minner for livet. Frå norsk natur til eksotiske Thailand, får du eit år fullt av opplevingar!

I august til oktober opplever vi friluftsliv i spektakulær norsk natur med fjellturar, grotteturar, toppturar og sykling. Du blir også med på snorkling og svømming i basseng som forbereding til Thailand. Overnatting skjer i lavvo, DNT-hytter og under stjernehimmelen.

I november og desember flyttar vi fokuset til trening og helse. Du lærer å bli din eigen personlege trenar i toppmoderne treningssenter, utforskar anatomi, massasje, og helse og ernæring. Moro og utfordringar står i sentrum med aktivitetar som Wipeout, Ninja Warrior-løyper og klatring. Vi avsluttar med overnatting på eit fyr i havgapet.

I februar/mars reiser vi til Thailand. På ein 3–4 vekers studietur snorklar vi med havskilpadder, dykkar i tropiske farvatn og zipliner i Asias beste løype. Du kan også ta dykkarsertifikat, prøve yoga eller klatre på legendariske Railey Beach. Tempel, paradisøyer og thailandsk kultur gjer opplevinga komplett. For toppe det heile tek vi ei veke på ski i Sälen til slutt!

Oppsummering av aktivitetar:

  • Friluftsliv og idrett i Norge
  • Snorkling, skikøyring og skiturar i Norge og Sverige
  • Personleg trenar-opplæring og massasje
  • Dykkarsertifikat og klatring i Thailand

Følg oss for inspirasjon på MULTISPORT // Thailand 🌟💪

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.