Nøkkelinformasjon
Om studiet
Du har kanskje slått det fast allereie: Det held ikkje med eitt år på folkehøgskule. Du vil ha meir! Du vil vere andreårselev og stipendiat. Vil rolla som miljøarbeidar og aktivitetleiar passe deg?
Som stipendiat er du andreårselev på skulen. Du vil vere viktig når det gjeld skulen sine aktivitetar og fungere som eit bindeledd mellom elevar og ansatte som MILJØARBEIDAR og AKTIVITETSLEIAR. Du vil få fagleg undervisning, opplæring i folkehøgskulen sin filosofi og pedagogikk, leiartrening og god erfaring med miljøarbeid. Stipendiatene bidreg til å skape aktivitet, er oppdatert på det som skjer på skulen og ser til at alle føler seg trygge og trivast.
Stipendiatene vil vere både i ei eiga stipendiatklasse og vere
knytt til ei linje eller ha ansvar for eit spesielt fagområde
(td. marknadsføring / SOME / rekruttering e.l). Du får oppgåver
og oppfølging av linje- eller fagleiar. Du vil som hovudregel
vere med på linja sin studietur, men dette kan fråvikast når dere
er gode grunnar til det. I tillegg har ein oppgåver som
miljøarbeidar på fritida. Stipendiatene kan etter eige ynskje og
med utgangpunkt i eigne kunnskapar, ha sjølvstendige valfag.
Stipendiatene har ei viktig rolle i høve den enkelte elev sin
trivsel, og med det oppfølging av enkeltelevar. Gode samtalar med
andre elevar er ein viktig del av oppgåvene.
Eksempel på andre aktuelle oppgåver kan vere deltaking på
elevarrangement, å vere til stades på kveldar og i helger
og ta del i organiserte tur- og idrettsaktivitetar, turneringar,
debattar, laurdagsseminar, temadagar, humanitært arbeid, turar
til kulturarrangement og idé- og prosjektutvikling m.m. Skulen
set pris på gode initiativ, noko det blir rikeleg rom for.