Nøkkelinformasjon

Om studiet

Friluftsliv/Sport er linja for deg som vil prøve alt! Linja med friluftsliv og aktivitet. Syns du det er vanskeleg å velje vekk noko, her får du prøvd det meste. Fjell, fjord, idretthall og mykje meir



DU KAN GLEDE DEG!

Sport og friluftsliv er spekka med alt som er gøy, i eit fantastisk område.

Vestlandet er vår læringsarena og leikeplass. Du vil få utfordra deg med elvekajakk i brusande elver i Nordfjord, surfebrett i rullande bølgjer i Hoddevik, ski i vakre Sunnmøresfjell, og sykkel på flytstiar i Nesbyen. Samtidig vil du få opp pulsen i Crossbu, testa konkurranseinnstinktet i ulike nettidrettar som volleyball og padel, og utforska nye spennande vannsportar som wakeboard og dødsing. Det blir også mogleg å øve inn saltoen i turnhallen, og mykje mykje meir. Eit år med Sport og friluftsliv blir rett og slett eit år med alt!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.