Nøkkelinformasjon

Om studiet

Dei lengste turane! Om ikkje som Amundsen, Nansen og Monsen, så iallfall nesten. Vi reiser til Svalbard, Jotunheimen og utforskar Nordfjord i godt selskap. Og kjem heim fleire erfaringar rikare.

Ekspedisjon! Eit ord lada med forventningar, med spenning, med Roald Amundsen og Fridtjof Nansen, med Mount Everest og Grønland. Eit forlokkande ord, ikkje sant? Ekspedisjonar handlar om å reise frå det kjente og inn i det ukjente saman med folk du stolar på. Saman med folk du vil dele opplevingar med. Saman med gode vener. På denne linja får du tre lengre ekspedisjonar: Først i Nordfjord, så i Jotunheimen og til sist på Svalbard. Du kan sjå fram til bre, skredkurs og klatrekurs, padling og ikkje minst; ei lang rekkje overnattingar i telt og under open himmel.
Er du klar?

Innhald: 

  • 10 dagar skitur på Svalbard
  • 8 dagar langtur i vinterfjellet
  • 8 dagar hausteventyr
  • 3 dagar havkajakk
  • 2 dagar breoppleving
  • 2 dagar terrengsykling
  • 3 dagar tinderangling
  • 3 dagar klatring
  • 2 dagar åleinenatt
  • 3 dagar surfing
  • 5 dagar fjellturar til fots
  • 3 dagar kokelagstur
  • 2 dagar førstehjelpstur
  • 3 dagar skredkurs
  • 3 dagar felles snøholetur
  • 5 dagar skiveke i Hemsedal
  • 3 dagar pilegrimsvandring
  • 5 dagar Vestlandsfavoritter - felles skuletur til Flåm, Finse, Aurland og Utladalen

Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/ekspedisjon

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.