Nøkkelinformasjon

Om studiet

Vil du utvikle deg som hesteperson og lære av dei beste? Med erfarne lærarar og mykje praksis får du styrke samspelet mellom deg og hesten, uansett kva nivå du startar på.

Dette er linja for deg som vil bli ein bevisst og kompetentrytter, og som vil bruke mykje tid saman med hesten. Her blir du ein del av eit erfarent og anerkjenthestemiljø. Du får prøve alt innan hestesporten, og vi brukar mykje tid på samspelet mellom deg og hesten. Det er viktig for at du skal forstå korleis hesten blir påverka av deg og tolke signala den gir.

Gjennom fleire hesterelaterte valgfag kan du tilpasse din eige timeplan og fordjupe deg i det du vil bli betre på, enten det er rideteknikk, styrke og stell. Eller kanskje vil du prøve noko heilt anna som yoga, funksjonell trening eller barista? Det er opp til deg.

Kva kan du vente deg?
🏇Variert undervisning slik at du får utvikle deg som rytter
🐎 I ridinga får du klassisk dressur og sprang, og sjansen til å utforske hestesportens allsidigheit, med feltritt, køyring, voltige og horsemanship
💚 Fokus på hestevelferd og gode rutinar som gjer at både du og hesten har det bra
💪 Å utfordre deg sjølv i ulike settingar vil gi deg praktisk erfaring og fagleg utvikling i arbeidet med hest
🥰 Å vere ein del av eit engasjert og sosialt miljø der alle delar lidenskapen din for hest og riding
🏆 Sjansen til å delta på stemner i nærområdet
💪 Regelmessig trening og tett oppfølging av dyktige lærarar
🎓 Undervisning tilpassa ditt nivå og ambisjonar. Enten du er fersk på hesteryggen eller har mykje erfaring og vil bruke året som eit springbrett til vidare utdanning eller konkurranse

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.