Nøkkelinformasjon
Lærested
Studiested
Nivå
FagskolegradStudiepoeng
60.00Kostnader
Semesteravgift 550,- kr pr semester
Studieform
Undervisning ved lærestedetStudietempo
DeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Studiet har ikkje opptak i 2024.
Utdanninga skal gi deg høg yrkesetisk standard og kompetanse til å ta initiativ til å planlegge, organisere og sette i verk tiltak i samarbeid med tenesteytarar og brukarar. Du skal i studietida tileigne deg breiddekompetanse innan spesialreinhald både på individnivå og systemnivå.
Sterilforsyning handlar om pasientsikkerheit. Utdanninga skal kvalifisere yrkesutøvarar til å meistre reinhald og spesialreinhald av lokale, instrument og utstyr, og gjennom dette også ha kompetanse i korleis smittevegar kan brytast, smittespreiing hindrast og sterilforsyning sikrast. Utdanninga krev at studenten forstår verdien av teamarbeid og også eigen funksjon i det pasientretta arbeidet.
Undervisningsopplegg
Studiet er på 60 studiepoeng, fordelt over 2 år med undervisning i snitt 1 dag i veka på skulen. I tillegg er det nettstøtta opplæring. Etter vel 1 år med teori, avsluttar utdanninga med 10 veker relevant praksis og fordjupingsoppgåve.
Opptakskrav
Det generelle grunnlag for opptak er:
> fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev
eller
> realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram. Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass.
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve.
Liste over relevante fagbrev finn du på nettsidane våre.
Opptaksinformasjon
Du søkjer studieplass på Samordna opptak. Studiet har ikkje opptak i 2024.