Fakta
Informasjon oppdatert
22. september 2026.
Om studiet
Dette emnet gjev studenten ei innføring i profesjonell rolleforståing, etikk, makt og asymmetri, grensegangar, emosjonelle belastningar, eigenomsorg og refleksjon i praksisfellesskap.
Dette emnet er eit frittståande emne i emnepakken Psykisk helse for barn og unge ved Fagskulen Vestland. Studiet er forankra i den akkrediterte fagskuleutdanninga Barn og unges psykiske helse på 60 studiepoeng, og er utvikla som eit komprimert og praksisnært tilbod med tre emne på 5 studiepoeng kvar.
Tilbodet byggjer på kompetansebehov frå tenestefeltet og skal gi tilsette som arbeider tett på barn og unge styrkt kompetanse innan psykisk helse, førebygging, relasjonelt arbeid, psykososial forståing og tidleg innsats.
Målgruppa er fagarbeidarar og assistentar som arbeider med barn og unge i sitt daglege arbeid. Tilbodet rettar seg mot yrkesaktive som har oppgåver knytt til oppfølging, støtte og samhandling rundt barn og unge, og som har behov for styrkt kompetanse innan psykisk helse for barn og unge, førebygging, relasjonelt arbeid, psykososial forståing og tidleg innsats.