Nøkkelinformasjon
Lærested
Studiested
Nivå
FagskolegradStudiepoeng
60.00Kostnader
Kr. 3550,- pr. semester
Studieform
Nettstøttet, samlingsbasertStudietempo
DeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
«Mjølkeproduksjon med bruk av robot teknologi» er eit 1-årig fagskuletilbod. Studietilbodet er delt opp i fire hovudemne. Studiet er for noverande og framtidige mjølkebønder, tilsette i leverandørindustrien og rådgjevarar innan for moderne mjølkeproduksjon. Vi vil gjennomføre fagskuletilbodet som eit samlingsbasert deltidsstudium. Dette vil går over to skuleår/fire semester. Studiet er like omfattande som eit års heiltidsstudium.
Studiet har ikkje opptak i 2024.
Undervisningsopplegg
Hovudmålet er at utdanninga skal vere framtidsretta med hovudvekt på teori i praksis. Studentane skal etter avslutta utdanning forvalte eigne landbruksføretak eller kunne gi gode råd etter næringa og samfunnets behov
Etter gjennomført studie skal studentane kunne
Etablere, leie og/eller drive eit eige landbruksføretak med hovudvekt på mjølkeproduksjon i robotfjøs. - Kunne nytte seg av og vurdere ulike planer og styringsverktøy for utvikling av landbruksføretaket ut i frå bedriftsøkonomiske og agronomiske vurderingar. - Kunne nytte moderne robotteknologi i lausdriftsfjøs, både i ein planleggingsfase, under etablering og i den daglege drifta. - Kunne nyttiggjere seg av presisjonslandbruk i fôrdyrking - Kunne kommuniserer og vidareformidle faglege råd innan for mjølkeproduksjon i robotfjøs.
Opptakskrav
Søkjarane kan tas opp på to vilkår. Anten gjennom ordinært opptak, basert på fullført treårig vidaregåande opplæring innanfor naturbruk. Det er i tillegg mogeleg å bli tatt opp til studiet på bakgrunn av realkompetansevurdering.
Opptaksinformasjon
Du søkjer via Samordna opptak