Fakta
Informasjon oppdatert
22. januar 2024.
Om studiet
Min arbeidsplass Korleis få ein organisasjon som er i stand til å lære, utvikle og skape noko nytt? Det er tema for vårt nye studium Min arbeidsplass. Studiet er særleg tilpassa verksemder som driv med logistikk. Leiing, utvikling, samspel og tryggleik er overskriftene for studiet Min arbeidsplass. Studiet er eit samarbeid mellom Fjordbase AS og Fagskulen Vestland, og inngår som ein del av Fjordbase AS si kompetanseutvikling
Studiet «Min arbeidsplass» er eit samarbeid mellom Saga Fjordbase AS og Fagskulen Vestland.
Studiet «Min arbeidsplass» dannar grunnlaget for kompetanseheving. Sentralt er tema som er viktige for at alle i bedrifta skal vere framtidsretta og ein del av utviklinga mot det grøne skiftet. Etter industrifagskule vil det vere aktuelt å gjennomføre studium som går djupare inn i dei ulike faga. På denne måten vil Fjord Base Gruppen kunne rekruttere mykje av sin kompetanse internt.