Fakta
Informasjon oppdatert
19. januar 2026.


Om studiet
Kunstig Intelligens (KI) opnar for store moglegheiter for næringslivet, men korleis vurderer du kva løysingar som faktisk passar for di bedrift? Gjennom tre fysiske samlingar i Florø og nettbaserte oppgåver mellom samlingane får du jobbe med konkrete utfordringar frå di eiga verksemd, bygge nettverk med andre bedrifter og lære korleis KI kan bli ein ressurs i din organisasjon.
Kunstig Intelligens (KI) opnar for store moglegheiter for næringslivet, men korleis vurderer du kva løysingar som faktisk passar for di bedrift?
Dette kurset gir deg ei generell, konseptuell forståing av KI, slik at du kan stille dei rette spørsmåla, vurdere leverandørar og ta informerte beslutningar.
Du får innsikt i kva KI er, kva ho kan gjere, og korleis ho fungerer, kombinert med hands-on øvingar, case frå relevante bedrifter og diskusjonar om etikk, datasikkerheit og personvern.
Gjennom tre fysiske samlingar i Florø og nettbaserte oppgåver mellom samlingane får du jobbe med konkrete utfordringar frå di eiga verksemd, bygge nettverk med andre bedrifter og lære korleis KI kan bli ein ressurs i din organisasjon.