Nøkkelinformasjon

Logo Fagskulen Vestland
Logo Fagskulen Vestland

Lærested

Studiested

Førde

Nivå

Høyere fagskolegrad

Studiepoeng

120.00

Kostnader

Kr. 3550,- pr. semester

Studieform

Nettstøttet, samlingsbasert

Studietempo

Deltid

Søknadsfrist

15. april

Godkjenninger

  • Nokut
  • Lånekassen

Antall semester

6

Opptakskrav

F-TEK-KEM0006

Antall studieplasser

30

Søknadskode (SO)

20084-37

Om studiet

Fordjupingsområdet KEM gjev deg opplæring i byggeplassleiing, BIM, bygningsfysikk, vannbåren varme og kjøling, ENØK, elektro- og byggautomasjon, VVS-prosjektering og ventilasjonsteknikk.

Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lov- og regelverk for bygg- og anleggsbransjen. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Førde. Fagskule innan KEM gjer deg godt kvalifisert til å jobbe med prosjektering innan ventilasjonsteknikk, kjøleteknikk, varmeanlegg eller sanitærteknikk. Energivurdering av klimaanlegg (kjøle- og ventilasjonsanlegg) krev minimum kompetanse på teknisk fagskulenivå.

Undervisningsopplegg

Dette studiet er enten to-årig heiltid eller to-årig samlingsbasert over tre år.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
Tre fysiske samlingar. Fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.

Seks nettsamlingar. To undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.

 

Opptakskrav

Det generelle grunnlag for opptak er:
> fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev
eller
realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram. Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass.
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføra fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve.

Liste over relevante fagbrev finn du på nettsidane våre.

Opptaksinformasjon

Du søkjer studieplass på Samordna opptak.