Nøkkelinformasjon
Lærested
Studiested
Nivå
Høyere fagskolegradStudiepoeng
120.00Studieform
Nettstøttet, samlingsbasertStudietempo
DeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Fordjupingsområdet KEM gjev deg opplæring i byggeplassleiing, BIM, bygningsfysikk, vannbåren varme og kjøling, ENØK, elektro- og byggautomasjon, VVS-prosjektering og ventilasjonsteknikk. Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lov- og regelverk for bygg- og anleggsbransjen.
Undervisningsopplegg
Jobbar etter fullførd utdanning
I aukande omfang vert nye bygg levert med større grad av integrerte tekniske anlegg. Dette stiller krav til at leiande personell har kunnskap om dei ulike anlegg slik at ein oppnår dei energi-, miljø- og klimakrava som myndigheiter og marknad til ei kvar tid krev.
Teknisk fagskule innan KEM gjer deg godt kvalifisert til å jobbe med prosjektering innan ventilasjonsteknikk, kjøleteknikk, varmeanlegg eller sanitærteknikk. Energivurdering av klimaanlegg (kjøle- og ventilasjonsanlegg) krev minimum kompetanse på teknisk fagskulenivå.
Arbeidsoppgåver kan også være sal, marknadsføring eller fagopplæring.
Opptakskrav
- Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev
- Realkompetanse
- Søkjarar som kan dokumentere at de skal gjennomføre relevant fagbrev/sveinebrev etter opptaksfristen, kan tildeles plass på vilkår om bestått prøve.
Opptaksinformasjon
Du søkjer via Samordna opptak.