Fakta
Informasjon oppdatert
21. september 2026.
Om studiet
Innføring i prosjektleiing gjev studenten innsikt i prosjekt som arbeids- og styringsform. Emnet har fokus på prosjektleiing i bygg og anlegg og tek føre seg sentrale metodar, organisering, partar i eit prosjekt og korleis planlegge, styre, risikovurdere og leie overordna prosessar frå mandat og oppstart til overlevering og ferdigstilling.
Dette nettbaserte emnet går over seks veker og gjev ei innføring i planlegging, økonomistyring og leiing av prosjekt frå oppstart til overlevering.
Undervisninga er lagt opp med digitale samlingar og eige arbeid, noko som gjer det mogleg å kombinere med full jobb.
Tilbodet er gratis, gjev 5 studiepoeng, og passar for deg med fagbrev i bygg- og anleggsfag eller tilsvarande realkompetanse.