Nøkkelinformasjon

Fagskulen Vestland
Fagskulen Vestland

Lærested

Studiested

Førde

Nivå

Fagskolegrad

Studiepoeng

60

Semester

4

Kostnader

Semesteravgift 650 kr per semester.

Studieform

Samlingsbasert, nettstudium

Studietempo

Deltid

Søknadsfrist

14. april

Godkjenninger

  • Nokut
  • Lånekassen

Om studiet

Fagskulestudiet Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling er ei utdanning meint for dei som skal starte eiga verksemd med lokal foredling av mjølk, dei som skal overta drifta av ei slik bedrift og dei som ønsker seg ei utdanning for å bli arbeidstakar i ei slik bedrift. Utdanninga inneheld emne innan mjølkeforedling;

  • Utval og kontroll av råvarer.
  • Teknologi for framstilling av mange ulike produkt som er relevante for lokal foredling.
  • Kvalitetsstyring.
  • Marknadsføring og økonomistyring.

Det finst ikkje anna utdanning på vidaregåande skule-nivå innan mjølkeforedlingsemna. Dei som har starta med lokal foredling av mjølk, har stort sett gått tre vekers ystekurs på Sogn Jord og Hagebruksskule eller kortare kurs andre stader. Mange av dei erfarne ysteria har klart å utvikle svært gode produkt, og det er god marknad for desse produkta. Men dei som treng å utvide produksjonen har store problem med å finne kompetent arbeidskraft. Det er også vanskelegare å kome inn på marknaden for nye produsentar. Ysting er i seg sjølv eit avansert handverk som krev omtanke i alle trinn og kor det er lett å gjera feil. Etablering av næringsmiddelverksemd er underlagt eit omfattande byråkrati. Kvalitetsnivået i delikatessemarknaden er krevjande for ein nybyrjar, og det blir også stadig høgare terskel for dokumentasjon og registrering for å kome inn i daglegvarebransjen. Vi har sett at dei som har gått inn i bransjen med berre eit par kurs som ballast, har brukt veldig lang tid på å få til ein berekraftig økonomi i bedrifta. Med meir kompetanse ved oppstart, trur vi marknadsetableringa vil gå raskare.

Utdanninga er samlingsbasert med nettundervising mellom samlingane. Mykje av undervisinga er praktisk, og vert gjennomført i ysteriet ved Sogn Jord og Hagebruksskule. Nokre av samlingane vil bli gjennomført ved treningsmeieriet til Byåsen videregående skole. Med desse fasilitetane, vil studentane få sjå eit breitt utval av utstyr og metodar, som gjev dei godt grunnlag for å ta val for eiga bedrift. I tillegg får vi nytta oss av kompetansemiljøa både i Trøndelag og på Vestlandet. Emna innan marknadsføring og økonomistyring er utvikla og utprøvd av Fagskulen i Trøndelag i samband med fagskulestudiet “Verdiskaping i lokalmat”. Til saman gjev dette grunnlag for eit godt læringsutbytte.

Mykje av studiet er nettbasert og det blir lagt til rette for å gjennomføre uavhengig av kvar ein bur.

Opptakskrav

Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon

Formelle opptakskrav

Utdanningar som kvalifiserer til opptak:

Yrkeskompetanse:

• Agronom.
• Naturbruk (studieforberedande) med vg2 landbruk og gartnar.

 

Fagbrev som kvalifiserer til opptak

  • Restaurant- og matfag

    • Bakarfaget.
    • Ernæringskokkfaget.
    • Ferskvarehandlarfaget.
    • Industriell matproduksjon.
    • Kjøttskjerarfaget.
    • Kokkfaget.
    • Konditorfaget.
    • Pølsemakarfaget.
    • Servitørfaget.
    • Sjømatproduksjon.
    • Slaktarfaget.

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Realkompetansen må oppfylle læreplanmål i videregående opplæring innen relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som tilsvarer VG1 og VG2 i yrkesfaglig utdanningsprogram.

 

Sluttkompetanse

  • Bakerfaget
  • Ernæringskokkfaget
  • Ferskvarehandlerfaget
  • Industriell matproduksjon
  • Kjøttskjærerfaget
  • Kokkfaget
  • Konditorfaget
  • Pølsemakerfaget
  • Servitørfaget
  • Sjømatproduksjon
  • Slakterfaget

Opptaksinformasjon

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

Kvalifikasjon/tittel

Handverksysting - verdiskaping i mjølkeforedling

Alle utdanninger innen