Nøkkelinformasjon
Nivå
FagskolegradStudiepoeng
120Semester
Kostnader
Studieavgift 3.000 kr og Semesteravgift 650 kr per semester
Studieform
Samlingsbasert, nettstudiumStudietempo
DeltidSøknadsfrist
14. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Omstilling i byggebransjen er viktig for å nå målsetjingar om redusert utslepp av klimagassar og meir berekraftig forbruk av ressursar. Noreg har som mål å bli lågutsleppssamfunn innan 2050 (Klimaloven, 2017, § 4), og regjeringa har kome med tydelege signal om at byggebransjen skal bidra i omstillinga.
Nye lovkrav, forskrifter og retningslinjer vil bli innført i stort tempo framover, og ein del er allereie innført. Eit døme er EUs krav om 70 % ombruk eller materialgjenvinning av avfall frå bygg- og anlegg som Noreg har forplikta seg til. Men tal frå SSB viser at andel materialgjenvinning framleis ligg godt under 50 % (Chaudary, 2019).
Studiet Grøn omstilling i byggebransjen er ei sjølvstendig eittårig utdanning som byggjer på studentane sin relevante kompetanse, enten realkompetanse, fagbrev, tidlegare fagskuleutdanning eller høgare utdanning innan bygg og anlegg.
Studiet har som mål å utvikle ei berekraftig byggenæring for kommande generasjonar med utøvande aktørar i bransjen.
Noreg har lange tradisjonar innan fagskuleutdanning. Dei første fagskulane starta allereie på 1850-tallet. Fagskulane har utvikla seg ut i frå behov i samfunnet og i takt med den generelle skule- og samfunnsutviklinga. I dei seinare åra har fagskulen blitt plassert inn i utdanningssystemet som ein av utdanningsvegane ein student kan velje. Lov om høgare yrkesfagleg utdanning definerer fagskuleutdanninga slik:
«Fagskoleutdanning er høyere yrkesfaglig utdanning og ligger på nivå over videregående opplæring. Fagskoleutdanning gir kompetanse som kan tas i bruk i arbeidslivet uten ytterligere opplæringstiltak».
Kompetansen fagskulen gir er spesiell fordi den bygger på praktisk kompetanse frå fagbrev i vidaregåande skule. Fagskulen si oppgåve er å tilføre studentane teoretisk kunnskap som bygger på den praktiske kompetansen frå vidaregåande skule. Etterspurnaden etter arbeidskraft med denne kompetansen er allereie stor. Prognosane tilseier at etterspurnaden vil auke i framtida.
Lov om høgare yrkesfagleg utdanning seier at fagskulen skal legge til rette for at fagskuleutdanninga har høg kvalitet. Studietilboda må difor godkjennast av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) før den einskilde fagskulen kan tilby utdanninga til studentane. I tillegg må fagskulane til ein kvar tid revidere grunnleggande system og studieplanar. Dette sikrar at utdanningane er på eit nasjonalt nivå.
Fagskulen Vestland har studietilbod som er godkjent og vi har eit system for revidering av grunnleggande føresetnader. På denne måten kan vi til ei kvar tid tilby studentane høg kvalitet i studiet. Vi vektlegg i tillegg eit nært samarbeid med arbeids- og næringsliv i regionen. Dette sikrar at fagskuleutdanninga er oppdatert og at studentane har den kunnskapen arbeids- og næringsliv etterspør.
Opptakskrav
Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon
Fagbrev som kvalifiserer til opptak
-
Bygg- og anleggsteknikk
- Betongfaget.
- Brannførebyggar.
- Byggdriftarfaget.
- Byggmontasjefaget.
- Fundamenteringsfaget.
- Glasfaget.
- Isolatørfaget.
- Murar- og flisleggjarfaget.
- Målar- og overflateteknikkfaget.
- Røyrleggjarfaget.
- Snikkarfaget.
- Tak- og membrantekkjarfaget.
- Trelast- og limtreproduksjonsfaget.
- Tømrarfaget.
- Ventilasjons- og blekkslagarfaget.
- Feiarfaget.
- Murarfaget.
- Trelastfaget.
- Trevare- og bygginnreiingsfaget.
-
Elektro og datateknologi
- Kulde- og varmepumpemontørfaget.
-
Teknologi- og industrifag
- Gjenvinningsfaget.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den relevante kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Sluttkompetanse
- Betongfaget
- Brannforebygger
- Byggdrifterfaget
- Byggmontasjefaget
- Fundamenteringsfaget
- Glassfaget
- Isolatørfaget
- Murer- og flisleggerfaget
- Maler- og overflateteknikkfaget
- Rørleggerfaget
- Snekkerfaget
- Tak- og membrantekkerfaget
- Trelast- og limtreproduksjonsfaget
- Tømrerfaget
- Ventilasjons- og blikkenslagerfaget
- Gjenvinningsfaget
- Feierfaget
- Murerfaget
- Trelastfaget
- Trevare- og bygginnredningsfaget
- Kulde- og varmepumpemontørfaget

