Fakta

Lærested:
Studietype:
Enkeltemne
Studieform: Nettstudium
Studiepoeng:
5

Informasjon oppdatert

22. september 2026.

Om studiet

Dette emnet gjev ei grunnleggande forståing av barn og unge si psykiske helse og normalutvikling, inkludert sårbarheit, risikofaktorar, beskyttelsesfaktorar og tidleg innsats.

Dette emnet er ein frittståande modul i emnepakken Psykisk helse for barn og unge ved Fagskulen Vestland. Studiet er forankra i den akkrediterte fagskuleutdanninga Barn og unges psykiske helse på 60 studiepoeng, og er utvikla som eit komprimert og praksisnært tilbod med tre modular på 5 studiepoeng kvar.

Tilbodet byggjer på kompetansebehov frå tenestefeltet og skal gi tilsette som arbeider tett på barn og unge styrkt kompetanse innan psykisk helse, førebygging, relasjonelt arbeid, psykososial forståing og tidleg innsats.

Formålet med utdanninga er å styrkje deltakarane si evne til å forstå, møte og stå trygt i arbeidet med barn og unge i sårbare situasjonar. Studiet skal bidra til felles fagleg språk, betre relasjonell praksis, tidlegare identifisering av sårbarheit og tryggare samhandling med barn, unge, føresette og samarbeidande tenester.

Målgruppa er fagarbeidarar og assistentar som arbeider med barn og unge i sitt daglege arbeid. Tilbodet rettar seg mot yrkesaktive som har oppgåver knytt til oppfølging, støtte og samhandling rundt barn og unge, og som har behov for styrkt kompetanse innan psykisk helse for barn og unge, førebygging, relasjonelt arbeid, psykososial forståing og tidleg innsats.