Fakta
Informasjon oppdatert
26. mars 2026.


Om studiet
Utdanninga Fartøyvern dekker fagområde innan verftsindustri og musealt arbeid der historiske fartøy av tre og stål blir restaurerte, vedlikehaldne og forvalta som flytande kulturminne. Fagområdet er teoretisk og praktisk forankra i dei maritime handverksfaga slik dei har vakse fram innan skipstømring og fartøybygging, med tradisjonar heilt tilbake til vikingtida og framover, til nye materiale og produksjonsmetodar tok over frå 1950-talet.
Fartøyvern 2 innheld dei to siste emna i fagskulegraden Fartøyvern. Saman med Fartøyvern 1 får du ein heil grad.
Fartøyvern 2 inneheld:
Enme C Fartøybygging
Emne D Restaureringsfagleg praksis 2
Fartøyvern 1 og 2 er Industrifagskule og har ikkje studieavgift.
Studiet er nett- og samlingsbasert og går på deltid over eitt år, fordelt på to semester. Kvart semester gir 15 studiepoeng, til saman 30.
Det blir lagt opp til tre obligatoriske vekesamlingar per semester, til saman 12.
Hovudstudiestaden for utdanninga er studiestad Nordnes. Det vil bli halde samlingar ved Hardanger og Voss museum, avd. Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.
Pedagogisk blir det lagt vekt på læring gjennom praktisk arbeid, praksisbasert teori og handverksteori. Opplæringa spenner frå grunnleggande til meir komplekse arbeidsoperasjonar innanfor feltet, og sentralt i fagplanen er at studentane gjennomgår ein byggeprosess, det vil seie at dei bygger eit nytt fartøy frå grunnen av.